Første gang eg las Hamsun låg eg på ei solseng i Vietnam. Eg hadde nett byrja på nordiskstudiet i Trondheim, og pliktskyldig tatt med meg pensum til det innleiande emnet i litteraturhistorie. Med ei blanding av motvilje og ærefrykt la eg meg til rette i solsteiken og bladde opp på første side av Sult, utan å forvente så mykje meir enn å kunne stille litt betre førebudd til studiestart. Men det tok ikkje mange minutta før denne motviljen og ærefrykta var erstatta av latter og begeistring. Boka si absurde stemning og levande språk kom så overraskande på, og plutseleg låg eg der og lo høgt for meg sjølv av Sult-helten sine merkelege påfunn. Var det verkeleg dette som var Knut Hamsun? Mitt første møte med Sult blei starten på ei lang rekke av minneverdige lesaraugeblink med skjønnlitteraturen til Knut Hamsun. Alle desse augeblinkane førte meg etter kvart opp hit til Hamarøy, Hamsunsenteret og denne markeringa av Knut Hamsun sin bursdag.
I dag markerer vi ikkje berre at det er 162 år sidan Hamsun blei født. Vi markerer også at det er seksti år sidan Hamsun-bysten blei avduka. Da var det berre seksten år sidan krigens slutt. Eit spørsmål som nok dukka opp i mange sine hovud, var «kvifor skal ein setje opp ein Hamsun-byste allereie no?» Dette spørsmålet har vel alltid lege og ulma i bakgrunnen, og tidvis flamma opp til ein oppheta debatt, seinast i vår ved Ståle Dingstad si bokutgjeving. Spørsmålet blei da omformulert til «kvifor skal det eksistere eit Hamsunsenter i dag?»
For oss som satt nede i Trondheim, og nett hadde fått melding om at vi hadde fått sommarjobb på Hamsunsenteret, var det spennande å følge debatten og sjå at Hamsun framleis vekka så stort engasjement. Samstundes var det urovekkande å oppdage at ein anerkjent universitetsprofessor argumenterte for å legge ned arbeidsplassen vår, hadde vi kanskje undervurdert Hamsuns problematiske sider?
For meg blei dette spørsmålet spesielt nærverande, ettersom eg akkurat hadde byrja å skrive på ei masteroppgåve der eg mellom anna skal intervjue folk med samisk bakgrunn. Skildringane av det samiske hos Hamsun var noko av det som blei sentralt i denne debatten. Hos meg dukka det derfor opp ei slags vag uhandgripeleg uro – var det riktig av meg å bruke heile sommaren min på eit forfattarskap som inneheldt så fæle skildringar av det samiske? Eg visste eigentleg at dette let seg kombinere, men spørsmålet låg likevel der og gnaga ein stad bakarst i medvitet mitt. Dingstad-debatten hadde med andre ord både gjort meg meir medviten, meir engasjert og meir nysgjerrig på Knut Hamsun og forfattarskapet hans. Eg blei spent på kva som venta oss på Hamarøy, og på kva gjestane ville vere opptatte av.
Etter no å ha jobba i det svarte tårnet i over to månadar, er vi fulle av opplevingar. Noko av det mest gjevande er å lære av dei menneska vi møter, gjestane våre. Til Hamsunsenteret kommer det ei mengde ulike folk. Nokon har hatt sine største lesaropplevingar med Hamsun, og enkelte har faktisk byrja å lese på grunn av Hamsun. Men på den andre sida er det også sinte menneske, skuffa menneske. Vi har møtt dei som er djupt såra over måten han blant annet har skildra minoritetar, de som ikkje kan tilgje, som ikkje har det privilegiet at dei kan oversjå det ubehagelege ved Hamsun.
Eg opplevde eit møte med eit ektepar der mannen stod nølande att på dørterskelen, medan kona våga seg fram til skranken. Ho fortalte at det var så vidt ho klarte å overtale mannen til å bli med inn, han var nemleg svært skeptisk til Hamsun sitt politiske virke, og var redd vi ikkje tok nok tak i denne delen av historia. Etter at eg fortalte at det var fleire moment i utstillinga knytte til denne problematikken, bestemte dei seg for å ta ein tur opp i tårnet. Ein time seinare kom dei ned igjen med tårar i auga. Dei var rørte av mangfaldet og nyansane i utstillinga, og fortalte at dei var svært takknemlege for at dei hadde bestemt seg for å ta turen innom.
Desse opplevingane viser kor vanskeleg møtet med Knut Hamsun kan vere. Men det viser også, synest vi, viktigheita av å diskutere Hamsun. Ein Hamsun-byste i 1961 og eit Hamsunsenter i 2021 er viktig fordi dei tilbyr ein inngang til det vanskelege, det samansette, det som ligg mellom svart og kvitt. Nettopp det gjer også Hamsuns skjønnlitteratur, for som forfattaren formulerte det: «Fra jeg begynte tror jeg ikke det finnes i min produksjon en person med en slik rettlinjet, herskende evne. De er alle uten karakter, de er splittet, oppstykket. Ikke onde, ikke gode, men begge deler, nyansert skiftende i sinn og handlinger.»
Hamsunsenteret og Hamsun-bysten er slik sett monument over ønsket om ei rikare og meir nyansert verdsforståing. Sviket mange opplever i Hamsuns produksjon, skildringar av minoritetar og hans ideologi kan ein ikkje gjere noko med - fortida består. Spørsmålet er heller korleis ein held seg til det i notida. For oss er ikkje svaret å legge ned senteret og fjerne bysten, men å aldri slutte å snakke om det ubehagelege. Kanskje kjem vi då nærare «noget i Rætning av Hjærtets Dannelse».
Lars Berg er eit godt døme på nokon som våga å ta tak i det utfordrande hos Hamsun. Berg satt fengsla på Grini under krigen, og var før krigen ein høglydt motstandar av Hamsuns politiske meiningar. Likevel støtta han Hamsun-familien etter landssvikoppgjeret, og avduka altså bysten i 1961. Han ville ikkje gøyme bort det vanskelege, men heller bruke det som utgangspunkt for å lære og vekse. Denne moglegheita er vi så heldige å kunne tilby gjestane våre kvar dag på Hamsunsenteret. Derfor tenkte vi det kunne vere fint å avslutte med å lese opp talen Lars Berg heldt her for nøyaktig 60 år sidan:
«Det fins eit gammalt budord om å heidre foreldra. Heidre dei som gikk føre. Noe av det største vi kan gjere er å heidre giganten og stormeistaren i norsk åndsliv, Knut Hamsun. Ikkje så mye for hans del, som for vår eigen del. Det kan bli avgjerande for alt. Iallfall for din eigen vokster. Din veg fram. Du blir ikkje mindre av å bøye deg for det store hos Hamsun. Du blir einast større for kvar gong du gjer det.
Frå den dagen debutboka hans, Sult, kom, stod ein ny litteratur fram i dette land, og den levde og vaks til siste dag i På gjengrodde stier. Berre få ånder i verdslitteraturen er etla til så stor ei gjerning.
Eg meiner at Hamsun er Noregs største diktar. Og så er han nordlending i alt han har skreve!
For ei ånd!
For ein arv!
La oss ta imot det alt og halde det i ære!»
Lars Berg, Hamsund 12. august 1961.
Skrevet og fremført av Magnus Selsås Fjogstad og Irene Lockertsen, 4. august 2021.