Det Samiske Nasjonalteatret Beaivváš: «Johan Turi»

Dato: 14.09.17
Klokkeslett: 19:00
Det Samiske Nasjontalteatret Beaivváš er snart klar med sin fjerde urpremiere i jubileumsåret 2017!
6. september går teppet opp for «Johan Turi» på Det Norske Teatret i Oslo.

“Johan Turi” ei forteljing om korleis eit møte kan endre eit liv, og ei bok kan endre synet på eit heilt folk.
Johan Turi har ein draum om å gi ut ei bok som forklarte samanes liv, han ønskte å gi myndigheitene kunnskap om deira levesett, og på den måten påverke styresmaktene til å endre sitt syn på samanes livsførsel.
På ei togreise gjennom Skandinavia møter han konsernsjef Hjalmar Lundbohm frå Kiruna. På den same reisa dukker den danske kunstnaren og antropologen Emilie Demant opp. Kan Lundbohm og Demant hjelpe Turi med å oppfylle sin draum? 

“Johan Turi» er ei framsyning om korleis ei bok blei til, om draumar, freistingar, tvil, forføring og anger.

Forfattere: Harald Gaski og Gunnar Gjengset. Bearbeidet av Frank Jørstad og Kristian Lykkeslet Strømskag.

Johan Turi (1854-1936) var ein reindriftssame frå Kautokeino, og blir rekna som den første samiske forfattaren. Han valde å flytte til Kiruna-traktene i Sverige med reinflokkane og familien sin i 1870-åra. Her blei han også kjend som ein dyktig ulvejegar. I 1910 gav han ut den første boka skrive på samisk; Muitalus sámiid birra – En bog om lappernes liv. Gjennom tekst og illustrasjonar skildrar boka reindriftsamars liv og tradisjonar på byrjinga av 1900-talet. Boka blei sidan omsett til svensk, engelsk, tysk, ungarsk, japansk, italiensk og finsk.

Skodespelarar: I?gor Ántte Áilu Gaup, Egil Keskitalo, Inga Márjá Sarre

Scenespråk: Nordsamisk
Framsyninga blir teksta til nynorsk